14 mai 2010

Bjørn i Innerdalen!!

Da skjedde det vi har venta måtte skje, ein bjørn har vore i Innerdalen... Rett nok kanskje berre så vidt innom Meskaret, på tur mellom Tovatna og Ottdalen mot Sunndal, men likevel, den har vore her! Fotografen antyder at den kom frå sjølve Innerdalen, men så fort snøen smelter no finn vi det kanskje aldri ut. Det er jo unekteleg ganske eksotisk, og litt spennande at bjørnen er på gjennomfart. Likevel blir det vanskeleg å sleppe 115 vaksne saur med 250 lam på beite i dalen om berre eit par veker.. Håpet er at den vandrer langt og lenge, og ikkje gjer noko vidare skade. Det må vel være lov å seie utan å bli beskyldt for både det eine og det andre, slik det fort er når det er snakk om rovdyr.
Vi hadde jo ein mistanke om at bjørnen passerte setra i fjor sommar, når sauene var heilt rabiate og stakk ned i bygda ei veke i strekk. Likevel, utan fysiske bevis blir det berre spekulasjonar.. Men den gjorde ikkje skade viss/om/kanskje/at det var bjørn i fjor i alle fall!


Fotograf: Olav Helgemo

20 april 2010

Lamming og kjeing!

7. april drog lamminga til!
Årets 6 første, av ca 250 lam, kom friske og raske til verda i løpet av dagen.
No er det ekstra rundar i fjøset både på dagtid og nattestid, for at alt skal gå bra.


Så langt er alt vel!
Også geitene har byrja kjeinga! 5 aldeles nydelege kje har sett dagens lys i geitfjøset.

11 april 2010

Prosjekt Adopsjon.


Lam nr 16 fikk ingen god start på livet. Mor ville ikkje ha ho, og det er ikkje greit for ein nyfødd som treng råmjølk og morsvarme.. Prosjekt Adopsjon blei satt igang. Ho blei vaska heilt rein, og "lurt" på ein ny mor. Det gjekk heldigvis bra, etter 2 forsøk!

03 april 2010

Spekkhoggarar i Sunndalsfjorden

3. april fekk Arne sjå noko stort ute på fjorden frå vindauga på garden. Ei ryggfinne på ca 1,5 meter flerra havflata...
Ein flokk spekkhoggarar var på veg innover fjorden!
Vi heiv oss i bilane, med kikkertar og fotoapparat, og følgde etter dei. Dei snudde rett ut for Horvika, og satte kursen mot Flåøya. I bukta mellom Flåøya og Lyngvikskjæret kunne vi observere dei, og ta bilete, i godt over ein time før dei forsvann ut Sunndalsfjorden igjen...
Kjempeoppleving!

25 mars 2010

Trekkfuglar og kjensla av vår

...å vakne ein tidlig marsmorgon av trillande tonar frå ein tjeld, det er den ultimate vårkjensla!
 I år kom han 22. mars, tett følgt av vipa (24.) og stæren (25.)

19 mars 2010

Ras i Horvvika


18. mars gjekk det eit stort snøras i Horvvika!
Det store snøfallet dei siste vekene førte til at vegen mellom Sunndalsøra og Opdøl blei stengd i to veker etter at raset gjekk over vegen og feide ut på fjorden.

15 mars 2010

Gammeldags vinter!

Ein så stabil vinter som vi har opplevd i år, må ein mange tiår tilbake for å finne. Til og med her nede ved fjorden har det vore kuldegrader i over 3 månader, og snøen som har kommet har verken blitt blåst bort av landvind eller smelta av varmegrader. Snøen og kuldegradane har jo mange positive sider, bortsett frå at det blir fint og lyst sjøl om det er midtvinters. Vi har funnet to rever med skabb som har frosset i hjel, synd for reven, men veldig bra for mengden skabbrev.. Kanskje kynisk, men eg håper at det også går med ein del hjort. Alt for mange hjort har overlevd dei seinaste milde vintrane, dyr som normalt ikkje ville klara seg. Det ser ein har ført til meir press på beiteområda om vinteren, som gjer at det igjen blir eit større problem for dei som burde vore sterk nok til å klare seg..
Vi håper også at flåtten har fått seg ein knekk i kulda, men det finn ein jo ikkje ut før til våren.
I motsatt ende går det ut over småfuglane, som eg jo vil at skal berge.. Gjerdesmetten som har holdt til i hagen i vinter har nok tatt kveld, men rødstrupen har merkelig nok overlevd.
Ellers er det ein befrielse å slippe det vanlige sørpeføret som normalt følger med å bo ved fjorden..

13 februar 2010

Den Industrielle Revolusjon på Opdøl....

Den industrielle revolusjon er namnet som er gitt på den massive sosiale, økonomiske og teknologiske forandringa, som byrja med dampmaskina og blei ført vidare med elektrisitet og automatisert maskineri...

...Årsaka til at den industrielle revolusjon oppstod er mange, og noken vil hevde at jordbruksrevolusjonen byrja før den industrielle, og dermed la forholda til rette. Sjølv om dette kan diskuterast, er det heilt klart at endringane i jordbruket hadde mykje å seie. Eit meir avansert jordbruk med blant anna nye typer plogar og såmaskiner, dyrking av nye grønnsakar som potet og turnips og auka kunnskap, bidrog til auka produktivitet og vekst. Dette gjorde mange av bøndene, husmenna og landarbeidarane overflødige, og mange av dei blei tvunge til industriområda for å ta seg arbeid på fabrikkar...
Hydro Sunndal here we come...

For vi har fått oss silorivar og snøfres! Hehe...

30 januar 2010

Hagefugltelling

Siste helga i januar arrangerer Norsk Ornitologisk Forening hagefugletelling i heile Norden.
Sidan vi har mykje fuglar på bretta våre ville vi delta i tellinga.
Våre observasjonar denne helga:
1 raudstrupe, 6 svarttrost, 1 spettmeis, 15 kjøttmeis, 5 blåmeis, 8 grønnfink, 1 løvmeis, 3 skjærer og 4 dompap.

23 desember 2009

GOD JUL!

Julehelsing frå 2- og 4-beinte på Opdøl gard!
Posted by Picasa

06 desember 2009

60-årslag

I september fylte "Sjølingen" 60 år, og det blei feire med storslagen fest på Lemmen i desember! HURRA!!!
Posted by Picasa