11 mai 2006

Dårleg timing...


Det var kanskje ikkje det smartaste å ha ambisjonar om å lage ein blogg akkurat i den mest travle tida på året. Vi trudde lamminga skulle starte fint og roleg, men den gang ei... I løpet av påskeveka lamma halve buskapen, altså omlag 60 søyer! Altså lite påskeferie på oss her på Opdøl. Likevel er det utruleg kjekt når det står på som verst.

No i dag er det tre søyer att som skal lamme, og dei dreg vel ut til kring den 17. mai før dei er ferdige.
Dei aller fleste sauene er no ute på beite, berre dei siste som har lamma er att inne. Etter ein skikkeleg finværsperiode med jamt over 25 grader og skyfri himmel slo det om til 5 grader og regn i dag. Heilt normal maimånad!

03 april 2006

Endelig vår!

Etter ein usedvanlig dryg mars, med stabilt kaldt vær, kom endeleg Tjelden sist veke. Og fredag 31. mars kom Stæren på stabburstaket. Så no er det berre å rekne med å bli vekt av Tjeldens kjefting i fjæra utafor soverommet frå 3-tida og utover morgonen.. Men det er likevel ikkje støy å bli vekt av slike lydar, berre eit godt vårteikn.
Berre Linerla manglar no. Men eg trur eg såg ei høgt over garden i dag, så det er vel ikkje lenge før den tripper rundt utanfor fjøsdøra med vippande stjert.

Lamminga er også rett rundt hjørnet, som alltid litt for tidleg.. Det er alltid mykje som burde vore gjort før den tek til som vi ikkje rekk. Det blir litt ekstra travelt denne veka, for forrige veke oppdaga vi eit hol i strekkmetallgolvet i "nyfjøset".. Vi hadde planlagt å skifte det når sauene er på fjellet i sommar, men no må det gjerast umiddelbart. Nye plater kjem tirsdag kveld, så vi får begynne å rive opp det gamle på dagen i morgo.

27 mars 2006

Oppsigelsen er levert!

Etter å ha hatt deltidsjobb på ein lokal bensinstasjon om vinteren eit par år, leverte eg før helga oppsigelsen min! Var rett og slett ufatteleg lei av å jobbe nattvakter, det kan umuleg være sunt? Garden har sjølvsagt ikkje økonomi til å lønne to personer, men har funne ut at det går bra dei siste månadene fram til sesongen starter på Renndølsetra. Så får ein sjå kva som byr seg til hausten...
Eg og far min har byrja arbeidet med å danne eit ANS eller DA, slik at vi får meir delt ansvar og inntekt fram til han blir 62 år om fem år. Det er jo både spennande og viktig å bli meir reelt med drifta.

Gleder meg i alle fall voldsomt til å kunne bruke tida mi på garden framover våren!

22 mars 2006

Geiteflokken



Etter at vi fikk kastrert bukkene i vår lille geiteflokk i fjor gikk sjølvsagt bukkekjea sammen med geitene heile sommaren og utover hausten. Ikkje før det begynte å lukte veldig sterkt av ein av bukkene lukta vi lunta... Den eine bukken var nok berre delvis kastrert... Da var det jo for seint å gjere noko. Heldigvis var dette den eine av to bukker vi hadde kjøpt ein anna plass enn geitene, slik at det i alle fall ikkje vart innavl!

Dette resulterte i at den minste av alle geitene fikk eit kje i januar, og dei andre tre som var para kom alle i løpet av sist veke.. Dei tre første som fødte fikk eitt kje kvar, og den siste fikk tvillinger!