15 mars 2010

Gammeldags vinter!

Ein så stabil vinter som vi har opplevd i år, må ein mange tiår tilbake for å finne. Til og med her nede ved fjorden har det vore kuldegrader i over 3 månader, og snøen som har kommet har verken blitt blåst bort av landvind eller smelta av varmegrader. Snøen og kuldegradane har jo mange positive sider, bortsett frå at det blir fint og lyst sjøl om det er midtvinters. Vi har funnet to rever med skabb som har frosset i hjel, synd for reven, men veldig bra for mengden skabbrev.. Kanskje kynisk, men eg håper at det også går med ein del hjort. Alt for mange hjort har overlevd dei seinaste milde vintrane, dyr som normalt ikkje ville klara seg. Det ser ein har ført til meir press på beiteområda om vinteren, som gjer at det igjen blir eit større problem for dei som burde vore sterk nok til å klare seg..
Vi håper også at flåtten har fått seg ein knekk i kulda, men det finn ein jo ikkje ut før til våren.
I motsatt ende går det ut over småfuglane, som eg jo vil at skal berge.. Gjerdesmetten som har holdt til i hagen i vinter har nok tatt kveld, men rødstrupen har merkelig nok overlevd.
Ellers er det ein befrielse å slippe det vanlige sørpeføret som normalt følger med å bo ved fjorden..

Ingen kommentarer: