14 mai 2010

Bjørn i Innerdalen!!

Da skjedde det vi har venta måtte skje, ein bjørn har vore i Innerdalen... Rett nok kanskje berre så vidt innom Meskaret, på tur mellom Tovatna og Ottdalen mot Sunndal, men likevel, den har vore her! Fotografen antyder at den kom frå sjølve Innerdalen, men så fort snøen smelter no finn vi det kanskje aldri ut. Det er jo unekteleg ganske eksotisk, og litt spennande at bjørnen er på gjennomfart. Likevel blir det vanskeleg å sleppe 115 vaksne saur med 250 lam på beite i dalen om berre eit par veker.. Håpet er at den vandrer langt og lenge, og ikkje gjer noko vidare skade. Det må vel være lov å seie utan å bli beskyldt for både det eine og det andre, slik det fort er når det er snakk om rovdyr.
Vi hadde jo ein mistanke om at bjørnen passerte setra i fjor sommar, når sauene var heilt rabiate og stakk ned i bygda ei veke i strekk. Likevel, utan fysiske bevis blir det berre spekulasjonar.. Men den gjorde ikkje skade viss/om/kanskje/at det var bjørn i fjor i alle fall!


Fotograf: Olav Helgemo