28 februar 2009

Seterhaugen




Lørdag 28.februar tok vi oss ein liten tur opp på Seterhaugen.
Flott ver, og tynt snølag opp fjellsida. Litt glatt oppover, men for ein utsikt frå toppen!


27 februar 2009

Uglekasser...







Vi har planer om å lage fleire uglekasser, og håper på ruging til våren.
Fredag 27. februar tok vi ut ei gran oppi Storlykkjan og kappa ho opp på saga!
Etterpå fekk vi også løsna sagbladet, slik at det kan sendast til vedlikehald...

26 februar 2009

Vårens sauklipping unnagjort!

   

Torsdag 26. februar kom Neal from Scotland ned frå Oppdal for å klippe sauene våre. Han er fantastisk dyktig og 132 sauer blei klipt på under 6 timar.  Sauene blei klipt i haust, rett etter at dei blei satt inn i fjøset. No var det på tide med ein ny stuss, da det kun er halvanna månad igjen til lamming. Blir dei klipt seinare enn dette kan det gje problem under lamminga. 

25 februar 2009

Vedklyving


Sidan Jan Håvard hadde vinterferie fikk vi arbeidd saman nokre dagar, trivelig og sosialt! Det vart ein del ved etter at eg har rydda åkerkanten på Storlykkja, så onsdag vart det vedklyving. Veldig kjekt å være i lag, og vi vart heilt ferdige i løpet av dagen. Til sammen vart det 15 storsekker med oreved, godt å ha til neste vinter.

Vedmaskina byrja å krangle litt på slutten av dagen, så vi vart litt hefta med å leite etter feil. Fant etter kvart ut at ein vippebryter hadde løsna.. 

23 februar 2009

Rørosmartna og Rena-tur




I helga tok vi oss ein liten tur sørover til Rena, for å hilse på mormor og morfar. På vegen stakk vi også innom Røros og fekk med oss litt av stemninga der. Eystein har aldri vore i Bergstaden, så dette var det ei fin anleding, med liv og røre blant dei gamle husa.

På Rena nøt vi frihelga, med god mat, bursdagsfeiring, småfuglar på brettet og ein snartur innom Skogbruksmuseet kor Magnhild og Jonathan hadde utstilling. 

08 februar 2009

Tilsyn på Renndølsetra


Denne helga var vi ein snartur i Innerdalen for å sjå om husa på setra. Vi hadde fjøsfri, så vi gjekk opp på fredagskvelden i måneskinnet. Ikkje lenge etter at vi hadde byrja å gå, kom det ferske jervspor inn på vegen. Spora fulgte vegen nesten heilt fram til setra, med ein del avstikkarar undervegs. Spora var heilt ferske, for natta og morgonen før hadde det komme nokre cm nysnø. Vi er usikre på om det var eitt eller to individ, for nokre stader var det tydeleg at to dyr hadde gått etter vegen. Mest sannsynleg er det at same dyret har gått ein runde, for så å komme inn på sitt eige spor igjen.

Det er ganske lite snø i dalen, kanskje ein dryg halvmeter på flatmark. Det var lite snø på taka, og alt ser bra ut med husa. Veden vi laga i haust stakk så vidt over snøen, og er nok knusktørr til våren. Vassrenna som forsyner bekken ved setra med vatn er kanskje meir usikker.. Eg gløymde å ta den bort frå elva i haust, og no er det ein halv meter is over den.. 

Det var eigentleg fint vær på laurdag, men skodda la seg over dalen når sola kom, så vi skimta berre fjella som konturar i skydekket. Fint var det no!

02 februar 2009

No ser eg atter slike fjell og dalar..

Etter eit par veker med kraftig landvind og høge bølger på fjorden, hadde vindauga på garden fått eit grått og stygt saltlag på seg.
Skal seie det var godt å få vaska dei!
Så mykje trivelegare å sitte å sjå utover hagen og fjorden no..

3 vinterlam kom til verda..

29. januar kom dei tre vinterlamma vi har venta på til verda.
Mora tok seg på sommerbeite også forrige sesong, så no er det altså andre vinteren ho får lam lenge før dei andre..
Lamma er velfødde, men det er kun den eine som klarer å finne mat hos mora ved eiga hjelp.
Så tre gonger om dagen får dei litt ekstra mjølk frå flaske.
Triveleg med litt ekstra lys breking i fjøset..