23 mars 2007

Siril på jobb

Geiting!



Anders hadde visst lurt på om geitinga var i gang... Kjeinga er i alle fall snart over, ei geit att no. Dei fem som har kjea har alle fått tvillingar, så no kan vi vel kalle den vesle flokken for ein buskap.. Eller?

16 mars 2007

Tid for ROS!!

Endeleg kom den, ROS-analysen med statistikk på lamma som var slakta i fjor. Og det vart jammen meg bra! Det er både kjekt og nyttig å kunne samanlikne seg med andre på reint objektive kriterier, men og greit å samanlikne med fjorårets tal. Sjøl om vi ligg litt utom den innerste sirkelen på % slakt mellom 16 og 23 kg, og såvidt utom på % slakt i feittgruppe 3 og over, er det jo kjekt å sjå at resultata betrar seg. Men likevel er det jo litt avhengig av vær og beiteforhold om sommaren. Så far har tydeligvis gjort mykje rett her! Og tross alt er det meste innom dei 25% beste!







14 mars 2007

Den utrangerte JF'en og Aya




Måtte prøve zoom-teknikken.. Berre tull sjølsagt, men kan jo bli litt tøffe bilder om motivet er bra.




Vår!




Skikkeleg vårfølelse i dag. Måtte ut ein tur med hundane etter kommunestyremøtet. Kjekt å herje litt med dem, og samtidig få litt luft sjøl. Måtte prøve litt foto med sein lukkertid.. :)

12 mars 2007

Operasjon redd Fjellreven!










Ettersom eg er med som innleigd i Øksendal Bygdeservice er eg for tida med på eit oppdrag heilt oppe i Drivdalen, midt oppe på Sæterfjellet. På nesten 1400 moh ligg ein avlsstasjon for Fjellrev, drevet av Norsk Institutt for Naturforskning.

Fjellreven er nesten utrydda frå faunaen vår, og eit prosjekt er satt i gang for å prøve å få den meir tallrik i norsk natur igjen.

Pga av stort snøfall med påfølgande vind, kanskje ikkje heilt overraskande på høgfjellet, har snøen lagt seg opp i dei store innhegningane som er satt opp. Fleire revar har derfor kunne spasere rett ut av dei 2,5 meter høge gardane, noko som sjølsagt er svært uheldig. Dei fleste er fanga inn att, og no driv Bygdeservice på med å skjøte på gardane enda 2 meter. Sidan det allereie er lappa litt her og der blir det mykje arbeid berre å fjerne dei midlertidige løysingane. Og så er det å grave seg ned til bakkenivå i hjørna for å feste støttestaga som skal være i hjørna. 3 meter ned i verste fall...

Fantastisk flott utsikt frå arbeidsplassen i fint vær, men vind har hindra arbeidet mang ein gang..

Og Fjellreven er jo ganske fin å sjå på dei få gongene vi får eit glimt av den!


04 mars 2007

Kjeinga i gang!


Da har dei første kjea kome til verda. Det var ei som fekk tvillingar den 27. februar, to heilt kvite. Og så fekk ei anna tvillingar i natt, ein kvit og ein flekkete. Alle synes jo at dei kvite er litt kjedelige i forhold til dei farga, og eg er heilt enig! Men geiter er uansett veldig trivelige dyr da..

Før og etter..


Nakne sauer!


Da var det tid for å få klippt sauene før lamminga tek til om ein månad. Akkurat det får folk som kan det gjere, det er ikkje berre berre utan å ha teknikken i fingrane. 123 sauer vart klippt på under 6 timar. Det går enda fortare med haustklippinga, men no har jo alle lam i magen..
Neil og John frå Skottland var her no. Til vanleg er det ein annan skotte, som og heiter Neil, som bruker å være her. Desse karane klipper seg rundt i verda etter kor det er sesong. Dei fleste er både i Australia, New Zeeland, England og Norge. Og dei bruker berre litt over 1 minutt på å klippe et høstlam!! Da er det nesten så vi ikkje rekk å sortere ulla etter kvart!