12 mars 2007

Operasjon redd Fjellreven!










Ettersom eg er med som innleigd i Øksendal Bygdeservice er eg for tida med på eit oppdrag heilt oppe i Drivdalen, midt oppe på Sæterfjellet. På nesten 1400 moh ligg ein avlsstasjon for Fjellrev, drevet av Norsk Institutt for Naturforskning.

Fjellreven er nesten utrydda frå faunaen vår, og eit prosjekt er satt i gang for å prøve å få den meir tallrik i norsk natur igjen.

Pga av stort snøfall med påfølgande vind, kanskje ikkje heilt overraskande på høgfjellet, har snøen lagt seg opp i dei store innhegningane som er satt opp. Fleire revar har derfor kunne spasere rett ut av dei 2,5 meter høge gardane, noko som sjølsagt er svært uheldig. Dei fleste er fanga inn att, og no driv Bygdeservice på med å skjøte på gardane enda 2 meter. Sidan det allereie er lappa litt her og der blir det mykje arbeid berre å fjerne dei midlertidige løysingane. Og så er det å grave seg ned til bakkenivå i hjørna for å feste støttestaga som skal være i hjørna. 3 meter ned i verste fall...

Fantastisk flott utsikt frå arbeidsplassen i fint vær, men vind har hindra arbeidet mang ein gang..

Og Fjellreven er jo ganske fin å sjå på dei få gongene vi får eit glimt av den!


Ingen kommentarer: