04 mars 2007

Nakne sauer!


Da var det tid for å få klippt sauene før lamminga tek til om ein månad. Akkurat det får folk som kan det gjere, det er ikkje berre berre utan å ha teknikken i fingrane. 123 sauer vart klippt på under 6 timar. Det går enda fortare med haustklippinga, men no har jo alle lam i magen..
Neil og John frå Skottland var her no. Til vanleg er det ein annan skotte, som og heiter Neil, som bruker å være her. Desse karane klipper seg rundt i verda etter kor det er sesong. Dei fleste er både i Australia, New Zeeland, England og Norge. Og dei bruker berre litt over 1 minutt på å klippe et høstlam!! Da er det nesten så vi ikkje rekk å sortere ulla etter kvart!

Ingen kommentarer: