08 februar 2009

Tilsyn på Renndølsetra


Denne helga var vi ein snartur i Innerdalen for å sjå om husa på setra. Vi hadde fjøsfri, så vi gjekk opp på fredagskvelden i måneskinnet. Ikkje lenge etter at vi hadde byrja å gå, kom det ferske jervspor inn på vegen. Spora fulgte vegen nesten heilt fram til setra, med ein del avstikkarar undervegs. Spora var heilt ferske, for natta og morgonen før hadde det komme nokre cm nysnø. Vi er usikre på om det var eitt eller to individ, for nokre stader var det tydeleg at to dyr hadde gått etter vegen. Mest sannsynleg er det at same dyret har gått ein runde, for så å komme inn på sitt eige spor igjen.

Det er ganske lite snø i dalen, kanskje ein dryg halvmeter på flatmark. Det var lite snø på taka, og alt ser bra ut med husa. Veden vi laga i haust stakk så vidt over snøen, og er nok knusktørr til våren. Vassrenna som forsyner bekken ved setra med vatn er kanskje meir usikker.. Eg gløymde å ta den bort frå elva i haust, og no er det ein halv meter is over den.. 

Det var eigentleg fint vær på laurdag, men skodda la seg over dalen når sola kom, så vi skimta berre fjella som konturar i skydekket. Fint var det no!

Ingen kommentarer: