03 april 2006

Endelig vår!

Etter ein usedvanlig dryg mars, med stabilt kaldt vær, kom endeleg Tjelden sist veke. Og fredag 31. mars kom Stæren på stabburstaket. Så no er det berre å rekne med å bli vekt av Tjeldens kjefting i fjæra utafor soverommet frå 3-tida og utover morgonen.. Men det er likevel ikkje støy å bli vekt av slike lydar, berre eit godt vårteikn.
Berre Linerla manglar no. Men eg trur eg såg ei høgt over garden i dag, så det er vel ikkje lenge før den tripper rundt utanfor fjøsdøra med vippande stjert.

Lamminga er også rett rundt hjørnet, som alltid litt for tidleg.. Det er alltid mykje som burde vore gjort før den tek til som vi ikkje rekk. Det blir litt ekstra travelt denne veka, for forrige veke oppdaga vi eit hol i strekkmetallgolvet i "nyfjøset".. Vi hadde planlagt å skifte det når sauene er på fjellet i sommar, men no må det gjerast umiddelbart. Nye plater kjem tirsdag kveld, så vi får begynne å rive opp det gamle på dagen i morgo.

Ingen kommentarer: