05 juli 2009

SFO med Magne :-)







Søndag var det "SFO-dag" med Magne!



Vi fann ut at vi skulle ut på ein liten rotur rundt vatnet.



Prøvde oss på ein liten ekspedisjon til Fluotjønna, men fant fort ut at ura var alt for uframkommeleg for små tobeinte og firbeinte...



Etter ein kort rast oppe på den STØRSTE steinen vi kunne finne, tok vi derfor årene fatt igjen og la kursen mot Storsteinen på andre sida av vatnet. Der åt vi opp nista og sjokoladen, og spikka litt, før vi gjorde vendereis og stranda på Sandøran etter 3 timer flott SFO!

27 juni 2009

Slekt og vener på besøk







Hyggelig med besøk fra både Kongsvinger, Rena og Namsos.

OVER 100 ørret i garna!!!







Vi satte dei første garna for sesongen på fredag. 8 stk.



Da vi trakk dei morgon etter hadde vi fått over 100 ørret! (115)



Dei største var opp i mot 400 gram.



...bakdelen var at vi brukte 4-5 timar på å plukke dei ut av garna og gjøre dei opp...



MEN årets første ørretmiddag var iallefall sikra!

26 juni 2009

Gammelbåt og saubajs




I 26 varme grader sto eg å skrapa saubajs av gammelbåten idag.


No e den klar for oljing og utsetting...

20 juni 2009

Kjøkkenhagan







Brukte laurdagen på å få i stand kjøkkenhagan.

13 juni 2009

Rundvask







Helga blei brukt til rundvask av setra, før sesongstart neste helg....

07 juni 2009

Sessbøen




Søndag var vi på kaffi hos han Lars på fellesbeite på Sessbøen.


Trivelig.


God akevitt!


Såg 21 heilo på nyåkeren på Sessbøen.

Slått på Flå







06 juni 2009

Kvigene ut på beite...

Laurdag 6. juni blei kvigene og kalvene slept på beite.

Løkkros, Julia, Siena, Tallulah, Sigrid, Smudi og Kørli skal gå oppi Modalan heile sommaren...

22 mars 2009

Dei første vår-fuglane kom!


I helga kom både tjelden og stæren!!!

Veldig kjekt å vakne tell tjeldo som snakka nedi fjørru, og stæren satt i lønna og pludra og var som snarast inn i stærkassan og sjekka forholda...

02 mars 2009

Nytt strekkmetall...

                                                
Etter å ha gått litt lei av at skit og silo satt seg fast i dei gamle gulva i fjøset, tok Eystein affære og byta ut strekkmetallet i dei båsane kor problemet var størst... Etterpå blei alt SÅ mykje betre!

28 februar 2009

Seterhaugen




Lørdag 28.februar tok vi oss ein liten tur opp på Seterhaugen.
Flott ver, og tynt snølag opp fjellsida. Litt glatt oppover, men for ein utsikt frå toppen!


27 februar 2009

Uglekasser...







Vi har planer om å lage fleire uglekasser, og håper på ruging til våren.
Fredag 27. februar tok vi ut ei gran oppi Storlykkjan og kappa ho opp på saga!
Etterpå fekk vi også løsna sagbladet, slik at det kan sendast til vedlikehald...

26 februar 2009

Vårens sauklipping unnagjort!

   

Torsdag 26. februar kom Neal from Scotland ned frå Oppdal for å klippe sauene våre. Han er fantastisk dyktig og 132 sauer blei klipt på under 6 timar.  Sauene blei klipt i haust, rett etter at dei blei satt inn i fjøset. No var det på tide med ein ny stuss, da det kun er halvanna månad igjen til lamming. Blir dei klipt seinare enn dette kan det gje problem under lamminga.