Viser innlegg med etiketten fjøs. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten fjøs. Vis alle innlegg

02 februar 2009

3 vinterlam kom til verda..

29. januar kom dei tre vinterlamma vi har venta på til verda.
Mora tok seg på sommerbeite også forrige sesong, så no er det altså andre vinteren ho får lam lenge før dei andre..
Lamma er velfødde, men det er kun den eine som klarer å finne mat hos mora ved eiga hjelp.
Så tre gonger om dagen får dei litt ekstra mjølk frå flaske.
Triveleg med litt ekstra lys breking i fjøset..

27 januar 2009

Ultralyd på sauene.


Mandag 26. januar var det på tide å ta ultralyd på sauene for å finne ut kor mange lam vi kan vente å få. Stig Hindseth Bjerkaas frå Oppdal hadde med eige utstyr til skanninga, og har god erfaring. Han skanner 42000 sau på ein sesong! 132 av dei var her på garden, og dei skal ha til saman 304 lam! 2 sauer hadde ikkje tatt seg, og var uten lam, 13 sauer hadde 1 lam kvar, 61 sauer har tvillinger kvar, 51 sauer har trillinger, og 4 sauer har firlinger. Ei tekse har tatt seg på haustbeite og skal ha vinterlam.. Tilsammen 304 lam skal altså komme frå 6. april til 16. mai, med fullt trykk frå 12.-27. april..