15 november 2009

Paringstid

Tekse 7081 er nypara, men håpar på nytt besøk av væren!
Paringstida tek til i midten av november, og alle sauene skal parast innan 20. desember.
Drektighetstida er ca 150 dagar, så da skulle lamminga ta til i midten av april!
I år har vi berre 120 vinterfora sauer, sidan jerven har teke så mange i sommar. Helst skulle vi hatt 135-140.
Vi er medlem i Ålvundeid/Todal/Sunndal værring som eig ca 30 værar, som går på rundgang mellom gardane. Slik får vi eit godt avlsgrunnlag og unngår innavl.
Posted by Picasa

26 oktober 2009

Saukløpping


Sommarulla skal av! ..dei står nokså nakne att..

Saukløpping


Fredag og laurdag kom Neal ned frå Oppdal og klipte sauene. Tungt arbeid! Veldig glad for at vi har slike døktige kara!

Solbærsylt


No har Eystein vore flenk og sylta all solbæra som var i frysera. 120 liter! Så no sku me ha nok til bakelsa til sommarn..

11 oktober 2009

10 oktober 2009


Katedralen i Salisbury.

13 september 2009

Bra uttelling!


7154 og 7066 med lam på tur ned. :-) forhåpentligvis uten tull!

Sauleiting på Fallslåa.


Eystein, Jan Håvard, Anders og Olav på sauleiting i styggværet. 30meter sikt i brått lende, og sauene vi såg i går er ikkje å sjå... Fint lell, men blir godt å komme inn att i dag!

10 september 2009

Kolonne til Øra..


Første gong på Øra sidan juni...